Gro Skartveit siste bok, ”Den usynlege smerta” har fått enorm mediedekning. Og på leiarplass i Rogaland Avis blir det hevda at dette er årets viktigaste bok. I dag blir den lansert i Oslo.
- Eg er overvelda, seier Gro Skartveit. Vanlegvis kjem mediedekninga av ei bok etter lanseringa, men den siste veka har det vore store oppslag i fleire aviser, fagblad, tidsskrifter og på radio. I kveld skal ho på Dagsnytt 18.
Det gjer fysisk vondt å lesa Gro Skartveit si bok. Om kampen dei pårørande til rusmisbrukarar må kjempa. Om angst. Om uro. Om total sjølvutsletting. Om skuldkjensle, dei svevnlause nettene og den store sorga. Me får møta fortvila foreldre, ektefellar, barn, søsken og andre pårørande. Forfattaren brukar eit enkelt og usminka språk. Historiene er så sterke i seg sjølv. Det trengs inga utbrodering eller maleriske skildringar. Men sterke og gripande bøker har me lese før.
Så kvifor denne merksemda?
Det kan vere mange årsaker til det. Gro Skartveit har kjende namn med i boka si. Skodespelar Espen Hana fortel si historie, det same gjer Hans Erik Dyvik Husby, betre kjend som artisten Hank von Helvete frå Turboneger – og Toni Gundersen og far hennar, Per, fortel om rusmisbruket til mora, Unni.

Ein annan grunn er at det ikkje tidlegare er skrive ei liknande bok. Rus er ofte forbunde med skam, og dei pårørande lir i det stille. Gjennom denne boka har Gro Skartveit gjort seg til talerøyr for desse hardt ramma menneska. Menneske ho møter kvar dag i jobben som leiar av Veiledningssenteret for pårørande i Sandnes. Utan dei hadde denne boka aldri vorte til.
Men viktigast er likevel dette med felles skjebne, felles sorg. For ingen kan hjelpa betre enn dei som sjølv har vore i helvete og tilbake igjen. Dei har røynt livet. Dei veit kva dei snakkar om. Dei veit korleis det er å være glad i ein rusmisbrukar. Ingen psykiater eller boklærd kan måle seg med deira kunnskap. Difor er dette ei viktig bok.
• Gro Skartveit frå Halsnøy er sosionom, og har i mange år vore leiar av Veiledningssenteret for pårørande i Sandnes. Ho er ein kjend politikar i Rogaland og har tidlegare skrive boka Ulvar i lammeflokken. Om predikantar, makt og overgrep mot kvinner.
• Forfattaren kjem med sterk kritikk av norske kommunar si oppfølging av pårørande til rusavhengige i Norge. Torsdag om ei veke stiller Gro Skartveit opp til debatt på Sølvberget om pårørande til rusavhengige sin situasjon i Norge i dag. Bent Høie, leiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Espen Hana, Per Arne Sandvold og Per A. Thorbjørnsen, leiar i Kommunalstyret for levekår i Stavanger, deltek også på debatten.
Kilde: Øyposten
Hjørdis Halleland Mikalsen
Kr. 349,- Bestill nå, frakt 60,- kommer i tilegg.